PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

KLIKK PÅ KARTET FOR Å FINNE DIN SENTRAL

Kart Finnmark Troms Nordland Nord-Trøndelag Sør-Trøndelag Hedmark Møre og Romsdal Oppland Sogn og Fjordane Buskerud Hordaland Rogaland Telemark Aust-Agder Vest-Agder Akershus Oslo Vestfold Østfold

Valgkomite

På landsmøtet i april 2018 skal det veljast nytt landsstyre i Norges frivilligsentraler. Styret blir valt for 2 år, og heile det sittande styret er på val. Fleire av styremedlemma tar gjenval, noko vi set stor pris på, då landsstyret til no har vist seg å vere ein driftig gjeng som har gjort mykje godt arbeid for organisasjonen. Nokon tar ikkje gjenval, og vi treng mange dyktige kandidatar for å kunne sette saman det nye styret med dei variasjonane som krevst i geografi, kjønn, eigarform på sentralen og kompetanse. 
 
Valkomiteen ber no dykk alle om å nominere aktuelle kandidater til styret, om de har ein dagleg leiar, eit styremedlem eller ein frivillig ved dykkar sentral som ønskjer og er egna til å sitte i styret. Vi ønskjer at de avklarer før nominering at kandidaten sjølv er motivert for oppgåva. Som sist ønskjer vi at nominasjonen inneheld følgjande info om kandidaten, for å kunne følgje opp på best mogeleg måte:
 
- namn
- fødselsår
- telefonnummer
- e-postadresse
- sentral
- fylke
- rolle i sentralen
- sentralen sin eigarform
- kvifor kandidaten ønskjer å stille/vil vere egna for oppgåva
- eventuell kompetanse på økonomi/jus/marknadsføring/lobbyverksemd eller andre felt som kan vere viktig for landsstyrets arbeid
 
Sjå vedtektene for meir info om styrets samansetning og arbeid: http://norgesfrivilligsentraler.no/wwfile/141063/Vedtekter.pdf
 
Vi ber om at de som får denne eposten tar dette opp med dykkar styre/eigarar. Frist for nominasjonar er sett til 16. februar 2018 og sendast til leiar for valkomiteen, Marte Tangen, på frivilligsentralen@vang.kommune.no
 

Valkomiteen består for øvrig av:

Stein Erik Hovind (stein.hovind@rana.kommune.no), 

Odd Kjell Ingvaldsen (sauda.frivillig@gmail.com), 

Happy-Tom Christiansen (happytom@nittedalfrivilligsentral.no)