Onsdag 14 April 2021
Kl. 09:00 - 12:00
Webinar: Saman på nett
Vil du høyre om korleis frivilligsentralane og biblioteka i Klepp og Kvam i 2020 og 2021 har samarbeid om digitale aktivitetar? Bli med på webinar då vel!

Meld deg på via skjemaet du finn på denne sida: https://grannehjelpa.no/hendelse...

Tilskot frå Gjensidigestiftinga har gjort det mogleg for oss å teste ut og gjennomføre ulike digitale aktivitetar det siste året. No inviterer me til webinar for å dele erfaringar og kanskje inspirere andre til å ta denne type plattform i bruk. I tillegg til presentasjon av prosjektet "Saman på nett" møter du Veronica Salinas som har lang erfaring med møteleiing og språktrening via digitale medier.

Prosjektet vart initiert som eit tiltak under nedstenginga våren 2020. Sjølv om me no håpar og trur at me skal komme i gang med fysiske møter snart, har me erfart at digital møteplasser gjer nye moglegheiter for personar og målgruppar som er mindre mobile uavhenging av smittesituasjon. Digitale møteplasser er komt for å bli, og me delar gjerne våre erfaringar med dykk.

Lenkje til digitalt møterom vert sendt på epost til påmeldte deltakarar i god tid før webinaret. Det er sjølvsagt mogleg å få teknisk support i forkant om ein er usikker på korleis dette fungerar. Informasjon om det vert sendt ut saman med lenkje.

Dagens konferansier er biblioteksjef i Klepp Aud Jorunn Haugen Hakestad

PROGRAM
- Presentasjon av prosjekt «Saman på nett»
- Aktivitetar i Klepp og Kvam; Gode og mindre gode erfaring
- Interaktivitet i praksis
- Brukarperspektiv: Korleis synes frivillig og deltakarar det er å bruke Whereby
- Presentasjon av veiledaren
- Presentasjon av Klepp sitt prosjekt "Verdensrommet" og Kvam sitt prosjekt "Fellesskap for framtida"
- Kurs i møteleiing på nett med Veronica Salinas kl 11-12

Det er avgrensa tal plassar, så første-mann-til-mølla prinsippet gjeld. Webinaret er gratis. Om smittevernråda tilet det, oppmodar me deltakarane til å samlast i mindre grupper og følge webinaret saman. Ein kan t.d. kople PC'en til storskjerm.

Velkomen!

Helsing
Klepp Frivilligsentral, Klepp Bibliotek, Kvam Bibliotek og Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam

Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftinga 

https://www.facebook.com/events/981875482349290/

Kontakt

Norges Frivilligsentraler
Markensgaten 35 (3. etasje)
4612 Kristiansand

2018 © Norges Frivilligsentraler